Historisk arkiv

Statsministerens program veke 51 og 52

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg inviterer denne veka til halvårleg oppsummerande pressekonferanse.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 17. desember
Kl. 13.45: Statsminister Erna Solberg deltek på Stortingets julelunsj.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post: ral@smk.dep.no.

Tysdag 18. desember
Kl. 17.30: Statsministeren møter EU-landas ambassadørar på Nedre Foss Gård.

Torsdag 20. desember
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel julelunsj for pressefolk frå kl. 10.00.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 09.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post: ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Laurdag 29. desember
Kl. 16.30: Statsministeren er til stades på NM-finalane i handball for kvinner og menn i Oslo Spektrum.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post ano@smk.dep.no.