Historisk arkiv

Statsministerens program veke 12

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 19. – torsdag 21. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2020 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell tysdag 19. mars til og med torsdag 21. mars. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Fredag 22. mars
Statsminister Erna Solberg deltek på EU-toppmøtet i Brussel, for å markere 25 år med EØS-avtala, saman med regjeringssjefane i alle dei 31 landa i EØS-samarbeidet. Sjå eiga pressemelding og program på nettsida til EU for fleire detaljar.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Marita Isaksen Wangberg, telefon 905 12 319, e-post miw@smk.dep.no.