Historisk arkiv

Statsministerens program veke 23

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 3. juni
Kl. 13.45: Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen besøkjer Rena leir og Forsvarets spesialkommando. Tema for besøket er mellom anna kvinner i Forsvaret. Sjå pressemelding frå Forsvaret for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Tysdag 4. juni
Statsministeren er til stades på opninga av Nor-Shipping. Nor-Shipping er ei av verdas viktigaste shippingmesser, der fleire tusen delegatar frå meir enn 75 land er samla i Oslo og på Lillestrøm. Årets messe fokuserer på framtidas løysingar for havet. Presse som ønskjer å delta på programmet kan akkreditere seg ved å sende ein e-post til Christina Dupré Roos i Nor-Shipping: christina@blue-c.no.

Kl. 08.15: Statsministeren deltek på lanseringa av rapporten «Global Goals – Ocean Opportunities», som tek for seg havets rolle i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. Rapporten vert presentert av Lise Kingo som leiar FNs Global Compact. Stad: Hall A på Norges Varemesse på Lillestrøm. Oppmøte for pressefolk seinast klokka 08.

Kl. 09.00: Statsministeren taler på opninga av Nor-Shipping, i konferansesalen på Thon Hotell Arena.

Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer messehallen, der om lag 900 utstillarar er til stades. Ho startar med å stå for den offisielle opninga av Maritime Bergens utstilling i hall C. Deretter besøkjer ho hall D.

Presse som ønskjer å vere med på omvisinga i messehallen kan møta opp i lobbyen på hotellet kl. 09.45.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.

Onsdag 5. juni
Statsminister Erna Solberg reiser til Portsmouth for å delta på markeringa av 75-årsdagen for D-dagen. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Måndag 10. juni
Statsminister Erna Solberg og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie deltek på markeringa av den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO sitt 100-årsjubileum i Geneve.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 905 12 319, e-post miw@smk.dep.no.