Statsministerens program veke 33
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 72/19 | Dato: 08.08.2019
Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på fleire arrangement under Arendalsveka.
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Fredag 9. august
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg er til stades i gravferda til Nicolai Jæger Roan i Grefsen kyrkje. Statsministeren vil ikkje vere tilgjengeleg for presse. Sjå pressemelding frå Jølstad begravelsesbyrå for detaljar om pressehandtering.
Laurdag 10. august
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på opninga av valkampen på 7. juni-plassen i Oslo.
Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.
Kl. 17.30: Statsministeren deltek ved utdelinga av 14. augustkomiteens Brobryggerpris i samband med feiringa av Pakistans nasjonaldag på Alna. Adresse: Radisson Blu Hotel, Tevlingveien 21.
Kl. 18.45: Statsministeren besøkjer Øya-festivalen i Tøyenparken i Oslo, der ho møter arrangørar, frivillige, hjelpekorps og miljøorganisasjonar som medverkar på festivalen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.
Måndag 12. august
Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement under Arendalsveka.
Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer Skattekammeret til Kirkens bymisjon. Adresse: Vestregate 2, Arendal.
Kl. 11.00: Statsministeren inviterer til presselunsj om dei langsiktige utfordringane for Noreg, distrikta og kommunane. Adresse: Blom restaurant, Langbryggen 9, Arendal.
Kl. 13.00: Statsministeren lanserer regjeringa sin likeverdreform saman med finansministeren, kulturministeren og barne- og familieministeren. Adresse: Clarion Tyholmen, Teaterplassen 2, Arendal. Sjå eiga pressemelding for meir om reforma.
Kl. 15.30: Statsministeren held Høgres partileiarappell på Kanalplassen i Arendal.
Kl. 21.30: Statsministeren deltek i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.
Tysdag 13. august
Kl. 09.15: Statsministeren deltek på Norad sitt berekraftarrangement «Hav for utvikling». Adresse: Bærekrafthuset, Torvgata 7, Arendal.
Kl. 12.00: Statsministeren møter gründerane av Europas første og verdas største restaurant under vatn, Under Lindesnes. Adresse: Båly, Lindesnes.
Kl. 12.50: Statsministeren møter dei to gründerane av Jentan på Båly, som er ein veletablert delikatesseforretning og hamnestue. Adresse: Bålyveien 19, Lindesnes.
Kl. 14.00: Statsministeren taler på folkemøte i Buen kulturhus i Mandal.
Kl. 15.45: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement i Kristiansand sentrum. Adresse: Fiskebrygga, Gravane.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.
Onsdag 14. august
Kl. 11.45: Statsministeren besøkjer Finnsnes omsorgssenter, som er klassifisert som livsgledesjukeheim. Adresse: Helsesenterveien 26, Finnsnes.
Kl. 12.35: Statsministeren deltek på eit valkamparrangement på Amfi Finnsnes. Adresse: Storgata 7, Finnsnes.
Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer Kuldeteknisk AS i Tromsø. Bedrifta ønskjer å vere leiande på berekraftig temperaturhandtering. Adresse: Stakkevollvegen 69B, Tromsø.
Kl. 16.45: Statsministeren besøkjer Høgres valkamplokale og møter folk i Storgata i Tromsø.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.
Tysdag 20. august
Statsminister Erna Solberg deltek på uformelt nordisk statsministermøte i Reykjavik. Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir inviterer sine nordiske kollegaer Mette Fredriksen frå Danmark, Antti Rinne frå Finland, Stefan Löfven frå Sverige og Erna Solberg frå Noreg til årleg uformelt statsministermøte.
I tillegg deltek mellom anna Tysklands forbundskanslar Angela Merkel, representantar frå Åland, Grønland og Færøyene, samt fleire leiarar frå store nordiske selskap. Tema er mellom anna hav, klima, berekraftig utvikling, samt utanriks- og sikkerheitspolitiske spørsmål.
Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no med kopi av pass innan måndag 12. august kl. 15.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.