Historisk arkiv

Statsministerens program veke 35

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Onsdag 28. – torsdag 29. august
Regjeringa møtest til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor.

Statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen, kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er tilgjengelege for pressa før konferansen, onsdag 28. august om lag kl. 08.30.

Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend legitimasjon. Oppmøte i Glacisgata 1 onsdag 28. august frå kl. 08.00.

Det er ikkje lagt opp til fleire møte med pressa i løpet av budsjettkonferansen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.

Laurdag 31. august
Kl. 12.00: Statsministeren er til stades i konfirmasjonen til prinsesse Ingrid Alexandra på Slottet.

Søndag 1. september
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på DNTs Kom-deg-ut-dag på Breivoll gård på Vinterbro i Ås kommune.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.

FNs generalforsamling
Statsminister Erna Solberg leier Noregs delegasjon til FNs 74. generalforsamling i New York hausten 2019. Generalforsamlinga vert innleia med ei høgnivåveke frå 21. september.

Presse som ønskjer å dekke generalforsamlinga må akkreditere seg via FNs nettsider innan 2. september.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.