Statsministerens program veke 47
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 100/19 | Dato: 15.11.2019
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 16. november
Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg deltek på lysvandring for berekraftmåla i Bergen, frå Fløibanens nedre stasjon via Skansen til Vågsallmenningen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Tysdag 19. november
Statsminister Erna Solberg deltek på Compact with Africa-toppmøtet i Berlin. Sjå eiga pressemelding for detaljar. Akkrediteringsfristen er gått ut.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Onsdag 20. november
Statsministeren besøkjer Zagreb, i samband med at Kroatia tek over EU-formannskapen frå nyttår. Statsministeren deltek også på møte i European People’s Party (EPP).
Oppdatert 19. november kl. 14.00: Møtet med påtroppande president i EU-kommisjonen Ursula von der Leyen er avlyst. Statsministeren møter statsministeren i Kroatia, Andrej Plenković, om lag kl. 17.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Torsdag 21. november
Kl. 19.20: Statsministeren taler på festmiddagen i samband med NHO Service og Handels 30-årsjubileum, på The Hub i Oslo.
Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.
Fredag 22. november
Kl. 18.30: Statsministeren er til stades på Dissimilis-musikalen «Prump – en musikal som stinker!» på Operaen i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Laurdag 23. november
Kl. 16.00: Statsministeren er til stades under cupfinalen i fotball for kvinner mellom Vålerenga og LSK Kvinner på Telenor Arena i Bærum.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.