Statsministerens program veke 48
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 103/19 | Dato: 22.11.2019
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 25. november
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg deltek på ein rundebordkonferanse om grøn skipsfart, saman med ei rekkje næringslivsleiarar. Møtet går føre seg hjå DNV GL på Høvik. Adresse: Veritasveien 1. Det er mogleg for presse å vere til stades på møtet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Tysdag 26. november
Statsministeren besøkjer Gjøvik.
Kl. 16.30: Statsministeren møter representantar frå Gjøvik kommune. Møtet går føre seg på rådhuset på Kauffeldts Plass 1. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter møtet.
Kl. 17.20: Statsministeren besøkjer Haugtun omsorgssenter for å vere med på Røde Kors sitt Besøksvenn-tilbod. Adresse: Storgata 33, Gjøvik.
Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 95 97 71 53, e-post sis@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Kl. 18.45: Statsministeren deltek på årsmøtet til Gjøvik Høyre. Adresse: Kauffeldts Plass 1.
Pressekontakt er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 95 97 71 53, e-post sis@smk.dep.no.
Onsdag 27. november
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg er i Stortinget, i samband med finansdebatten.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.
Kl. 15.30: Statsministeren er til stades på 30-årsjubileet til Regnskogfondet, der ho deltek i ein samtale på scenen. Arrangementet går føre seg på Sentrum Scene i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Fredag 29. november
Kl. 15.15: Statsministeren taler på Øygardenkonferansen. Adresse: Panorama Hotell & Resort, Austefjordveien 165, Steinsland.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Søndag 1. desember
Kl. 21.00: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Atlético Madrid og Barcelona på Wanda Metropolitano i Madrid.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.
Måndag 2. desember
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg deltek på klimakonferansen COP 25 i Madrid. Ho skal halde eit innlegg på opningssesjonen til høgnivådelen av arrangementet. Deretter deltek ho på fleire arbeidssesjonar om klima.
Presse som ønskjer tilgang til arrangementet må akkreditere seg innan 25. november.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.