Statsministerens program veke 49
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 106/19 | Dato: 29.11.2019
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 2. desember
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg deltek på klimakonferansen COP 25 i Madrid. Ho skal halde eit innlegg på opningssesjonen til høgnivådelen av arrangementet. Deretter deltek ho på fleire arbeidssesjonar om klima. Fristen for akkreditering er gått ut.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.
Tysdag 3. og onsdag 4. desember
Statsministeren leier den norske delegasjonen til NATO-toppmøtet i London. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen vil òg delta.
Fristen for akkreditering er gått ut. Anna relevant informasjon om toppmøtet finn de her.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post: ano@smk.dep.no.
Søndag 8. desember
Kl. 13.15: Statsministeren er til stades på cupfinalen i fotball for menn mellom Haugesund og Viking på Ullevaal Stadion i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post: ano@smk.dep.no.
Kl. 17.00: Statsministeren deltek på årsmøtet til Hole Høyre.
Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.