Statsministerens program veke 50
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 110/19 | Dato: 06.12.2019
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 10. desember
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval, på Statsministerens kontor. Tema for møtet er plattformøkonomien.
Kl. 13.00: Statsministeren er til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.
Om kvelden deltek statsministeren på Nobelbanketten på Grand Hotel.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post: tab@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.
Onsdag 11. desember
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinnar Abiy Ahmed i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.
Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB scanpix, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.00.
Om lag kl. 09.10: Statsminister Solberg og statsminister Ahmed møter pressa i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 08.40.
Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 9. desember kl. 16.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID. Internasjonal presse må også være akkreditert gjennom Nobel.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post: tab@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg, kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande, justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad lanserer regjeringa sin handlingsplan mot rasisme på Rommen scene. Adresse: Karen Platous Vei 31, Oslo. Inngang nord.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Torsdag 12. desember
Kl. 11.00: Statsministeren tek imot eit pepperkakehus av statsministerbustaden frå barna i Fridheim barnehage på Statsministerens kontor.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, epost ksg@smk.dep.no.
Kl. 14.00: Statsministeren deltek i ei mottaking for NHO-sjef Ole Erik Almlid som er 50 år. Stad: NHO, Middelthuns gate 27.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Tysdag 17. desember
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Det vert enkel julefrukost for pressefolk frå kl. 10.00.
Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.
Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 09.00.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.