Historisk arkiv

Statsministerens program veke 51

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 15. desember
Kl. 14.45: Statsminister Erna Solberg deltek på Veitvet Mela på Linderud skole i Groruddalen. Adresse: Statsråd Mathiesens vei 27.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Måndag 16. desember
Kl. 10.00: Statsministeren taler på næringslivseminaret til Sparebank1 Markets på Saga kino i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Stortingets julelunsj.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren er i Stortinget, der ho svarer på ein interpellasjon frå Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om regjeringa sin politikk for Nord-Noreg.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.

Kl. 21.00: Statsministeren deltek i ein samtale på scenen på juleshowet til Jan Thomas og Einar Tørnquist. Showet går føre seg på Chat Noir i Oslo.

Tysdag 17. desember
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel julefrukost for pressefolk frå kl. 10.00.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 09.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Fredag 20. desember
Kl. 08.00: Statsministeren deltek på eit Røde Kors-arrangement mot einsemd ved Nationaltheatret i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.


Rundt kl. 09.00 er statsministeren og kulturministeren gjestar i den aller siste sendinga til P3morgen. Programmet blir sendt frå Operaen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

21.-23. januar 2020
Statsminister Erna Solberg deltek på delar av World Economic Forum i Davos. Vi ber presse som skal til Davos om å sende ein kort e-post til smkinfo@smk.dep.no.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.