Koronasituasjonen: Pressekonferanse med statsministeren og helse- og omsorgsministeren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 96/20 | Dato: 11.06.2020
Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie inviterer til pressekonferanse om reiser og opning av fleire verksemder og aktiviteter i samband med korona-krisa. Helsedirektør Bjørn Guldvog og Line Vold frå Folkehelseinstituttet vil vere til stades.
Pressekonferanse om korona-situasjonen
Sjå sendinga her
Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20
Tidspunkt: Fredag 12. juni kl. 14.00.
Oppmøte for presse seinast kl. 13.45. Ta med gyldig pressekort og ID. Me har avgrensa tal på plassar til pressa og ber kvar redaksjon om å halde talet på deltakarar på eit minimum. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressebriefen digitalt.
Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Keus, telefon 950 72 023, e-post andreas.keus@hod.dep.no.