Historisk arkiv

Endringer i regjeringen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Statsministerens kontor

Kongen har i statsråd i dag gjort endringer i regjeringen.

Nett-tv Pressekonferanse om endringer i regjeringen

Se sendingen her

Se sendingen her

(Direkte fra Regjeringens Representasjonsanlegg klokka 12.00)

Kulturminister Trine Skei Grande er utnemnd til kunnskaps- og integreringsminister.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner er utnemnd til finansminister.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland er utnemnd til justis- og beredskapsminister.

Statsråd Bent Høie overtar i tillegg til de sakene han bestyrer i Helse- og omsorgsdepartementet, styring av eldre- og folkehelsearbeidet i same departement.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen er utnemnd til arbeids- og sosialminister.

Stortingsrepresentant Linda Hofstad Helleland er utnemnd til distrikts- og digitaliseringsminister.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup er utnemnd til kommunal- og moderniseringsminister.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø er utnemnd til næringsminister.

Stortingsrepresentant Knut Arild Hareide er utnemnd til samferdselsminister.

Stortingsrepresentant Henrik Asheim er utnemnd til forskings- og høgare utdanningsminister.

Statssekretær Geir Inge Sivertsen er utnemnd til fiskeri- og sjømatminister.

Stortingsrepresentant Abid Raja er utnemnd til kultur- og likestillingsminister.

Stortingsrepresentant Tina Bru er utnemnd til olje- og energiminister.

Statssekretær Sveinung Rotevatn er utnemnd til klima- og miljøminister.

Samstundes har Kongen i statsråd gitt statsrådane Siv Jensen, Sylvi Listhaug, Anniken Hauglie, Jon Georg Dale, Ola Elvestuen, Terje Søviknes, Harald Tom Nesvik, Ingvil Smines Tybring-Gjedde og Jøran Kallmyr avskil i nåde.

Endringane gjeld frå i dag kl. 14.00.

 

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Regjeringslista ser no slik ut:

Statsminister
Erna Solberg (H)

Kunnskaps- og integreringsminister
Trine Skei Grande (V)

Barne- og familieminister
Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Finansminister

Jan Tore Sanner (H)

Justis- og beredskapsminister
Monica Mæland (H)

Helse- og omsorgsminister
Bent Høie (H)

Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)

Arbeids- og sosialminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)

Distrikts- og digitaliseringsminister

Linda Hofstad Helleland (H)

Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)

Kommunal- og moderniseringsminister

Nikolai Astrup (H)

Næringsminister
Iselin Nybø (V)

Samferdselsminister
Knut Arild Hareide (KrF)

Landbruks- og matminister
Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Utviklingsminister
Dag-Inge Ulstein (KrF)

Forskings- og høgare utdanningsminister
Henrik Asheim (H)

Fiskeri- og sjømatminister
Geir Inge Sivertsen (H)

Kultur- og likestillingsminister

Abid Raja (V)

Olje- og energiminister
Tina Bru (H)

Klima- og miljøminister
Sveinung Rotevatn (V)