Statsministeren til Brussel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 25/20 | Dato: 25.02.2020
Statsminister Erna Solberg reiser til Brussel tysdag 3. mars, der ho mellom anna skal ha samtalar med Europakommisjonens president Ursula von der Leyen, og møte Europaparlamentets president David Sassoli.
I tillegg skal statsministeren ha samtalar med EUs sjefforhandlar Michel Barnier. Ho skal også ha samtalar om berekraftmåla med representantar frå Europaparlamentet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.