Statsministerens program veke 11
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 32/20 | Dato: 06.03.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 10. mars
Kl. 15.00: Statsminister Erna Solberg taler på Oslo Offshore Energy Week i Oslo. Arrangementet går føre seg på Høymagasinet i Myntgata 7.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Torsdag 12. mars
Statsministeren er i Østfold.
Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer Norske Skog Saugbrugs AS i Halden. Adresse: Tistedalsgata 9, Halden.
Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer Pharmatec AS Rolvsøy i Fredrikstad. Bedrifta har i vår fått pengar til å halde norskopplæring og kurs i digitale ferdigheiter for dei tilsette. Adresse: Vallehellene 4, Rolvsøy.
Kl.13.00 Statsministeren har lunsjmøte med ordføraren i Råde og lokale bedrifter. Møtet går føre seg på Rådhuset i Råde. Adresse: Skråtorpveien 2a, Råde.
Kl. 14.00: Statsministeren besøkjer Råde mølle. Tema er berekraftmåla og næringslivets bidrag til å nå måla. Adresse: Stasjonsveien 4, Råde.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Måndag 16. – onsdag 18. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2021 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell. I samband med oppstarten av konferansen vil det bli ei kort presseorientering og fellesfoto av regjeringa.
Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 13. mars kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og godkjent id.
Foreløpig program 16. mars:
Statsrådane møter opp frå kl. 09.00.
Ca. kl. 09.20: Pressemøte med statsminister Erna Solberg, finansminister Jan Tore Sanner, kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.
Ca. kl. 09.40: Fellesfoto av regjeringa.
Deretter blir det høve til å fotografere ved oppstarten av budsjettkonferansen (berre for fotografar). Fotografane blir følgde ut etter at statsministeren har ønskt velkommen.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristine Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.