Statsministerens program veke 22
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 88/20 | Dato: 22.05.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 25. mai
Kl. 12.00: Statsministeren leier eit toppmøte om kampen mot arbeidslivskriminalitet. Målet med møtet er at regjeringa saman med partane i arbeidslivet skal vurdere status og drøfte vidare innretning av innsatsen mot arbeidslivskriminalitet. På møtet vil det også bli orientert om korleis det blir jobba for å hindre utnytting av ordningane som er innført for å handtere koronasituasjonen.
Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å jobbe ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og NRK eller TV2. Statsministerens kontor vil også publisere foto til fri bruk på Flickr.
Etter møtet, om lag kl. 13.30, vil statsministeren, arbeidsministeren, finansministeren og representantar for LO og NHO gi korte kommentarar til pressa og svare på spørsmål. Dette blir ikkje overført på nett-tv på www.regjeringa.no.
Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Me har difor eit svært avgrensa tal på plassar til pressa, og ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 25. mai kl. 10.00.
Me kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktenes råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.
For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 13.15. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Onsdag 27. mai
Kl. 09.00: Statsministeren har digitalt møte stats- og regjeringssjefar frå fleire mellomstore land for erfaringsutveksling om handteringa av korona-krisa. Møtet er i regi av Austerrikes forbundskanslar Sebastian Kurz.