Statsministerens program veke 23
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 94/20 | Dato: 29.05.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 1. juni
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg besøkjer Oslo Sommerpark på Tryvann, i samband med at blant anna fornøyelsesparkar kan opna igjen frå 1. juni. Adresse: Tryvannsveien 64, Oslo.
Me ber om at presse som ønskjer å delta på besøket melder seg på til smkinfo@smk.dep.no innan søndag 31. mai kl. 18.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Tysdag 2. juni
Kl. 11.00: Statsministeren opnar den nye systua til Sisters in Business på Ikea Furuset. Systua er driven av innvandrarkvinner som er rekrutterte gjennom NAV og tek små og store syoppgåver. Sisters in Business har i tillegg ei systue på Ikea Slependen og ein tekstilfabrikk i Asker som produserer smittevernfrakkar til helsetenesta. Dette er også tema for besøket.
Me ber om at presse som ønskjer å delta på besøket melder seg på til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 2. juni kl. 09.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på eit medlemsmøte i NHO, der ho skal snakke om Noregs veg ut av koronakrisa. Statsministeren deltek frå Næringslivets Hus på Majorstua og medlemmene følgjer møtet på video.
Det er mogleg for presse å vere til stades. Påmelding til NHOs kommunikasjonssjef Unni Strømstad, telefon 97 75 34 53, e-post unni.stromstad@nho.no.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Kl. 15.00: Statsministeren deltek på eit digitalt høgnivåmøte som vert arrangert av FNs Global Compact. Temaet for møtet er berekraftige havnæringar (Sustainable Ocean Business).
Onsdag 3. juni
Kl. 17.15: Statsministeren deltek på eit digitalt rundebordsmøte i regi av Xynteo. Temaet for møtet er korleis internasjonal økonomi kan kome seg på beina etter koronakrisa.
Presse som ønskjer å følgje møtet kan ta kontakt med Geoffrey Igharo i Xynteo, e-post gi@xynteo.com.