Statsministerens program veke 25
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 101/20 | Dato: 13.06.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 15. juni
Kl. 08.00: Statsminister Erna Solberg deltek på frukostmøte i regi av Civita. Temaet er koronapandemien og vegen ut av krisa,. Sjå meir informasjon på nettsida til Civita.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.
Kl. 10.50: Statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby deltek på presentasjonen av FAFOs sluttrapport om fråværsregelen i norsk skule. Stad: Lambertseter videregående skole, Cecilie Thoresens vei 6, Oslo.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no. Pressekontakt for kunnskaps- og integreringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Imset, telefon 93 43 59 30, e-post Ragnhild-Irene-Skaara.Imset@kd.dep.no
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på eit digitalt møte med Bergen Næringsråds toppleiarforum. Temaet for møtet er framtidsutsiktene for norsk økonomi.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Frognerbadet som frå måndag opnar att for publikum.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på eit arrangement i regi av NHO, der NHO legg fram ti ambisjonar for ei berekraftig framtid. Stad: MESH, Tordenskioldsgate 2.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Onsdag 17. juni
Kl. 09.00: Statsministeren held innlegg under ei digital samling for leiarar, tillitsvalde og strategiske rådgivarar i Trondheim kommune.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Kl. 09.45: Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Monica Mæland inviterer til pressekonferanse om handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Også RVTS (regionale ressurssentre for vold, traumatisk stress og sjølvmordførebygging), og politiet vil delta. Stad: Politihuset i Sandvika, Kjørboveien 33.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no. Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Raheela Chaudhry, telefon 91 88 35 68, e-post Raheela.Chaudhry@jd.dep.no
Kl. 12.30: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor.
Kl. 16.30: Statsministeren deltek på digitalt møte i European People’s Party (EPP).
Fredag 19. juni
Kl. 09.00: Statsministeren gjer greie for Stortinget om status og vidare løp for myndigheitene si handtering av covid-19. Stad: Stortinget.
Fredag 26. juni
Kl. 10.30: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 09.30.
Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 24. juni.
Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.
Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.00.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
--
Oppdatert 17. juni med tidspunkt for statsministerens utgreiing i Stortinget 19. juni.