Statsministerens program veke 26
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 104/20 | Dato: 22.06.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 23. juni
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Monica Mæland presenterer ei ny stortingsmelding om politiet. Stad: Kripos, Nils Hansens vei 25, Oslo.
Pressekontakt for statsministeren er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no. Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bjørklund, telefon 41 28 69 11, e-post andreas.bjorklund@jd.dep.no.
Onsdag 24. juni
Kl. 14.00: Statsministeren har digitalt møte med Finlands statsminister, Sanna Marin. Tema for møtet er mellom anna koronasituasjonen, nordisk og bilateralt samarbeid, EU/EØS og nordområda.
Torsdag 25. juni
Kl. 11.15: Statsministeren deltek i eit lunsjseminar i regi av SMB Norge, der temaet er regjeringa sin strategi for små og mellomstore bedrifter. Arrangementet går føre seg på Thon Hotel Opera, Dronning Eufemias gate 4 i Oslo.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.
Kl. 12.30: Statsministeren deltek på eit digitalt møte med medlemmene i Virke, der ho skal delta i ein samtale med Virkes adm. dir. Ivar Horneland Kristensen om Noregs veg ut av koronakrisa.
Fredag 26. juni
Kl. 10.30: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 09.30.
Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 24. juni.
Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.
Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 09.00.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Laurdag 27. juni
Statsministeren er med på feiringa av Oslo Pride og deltek i det direktesendte paradeshowet om lag kl. 13.15.
Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.