Historisk arkiv

Statsministerens program veke 38

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 14. september
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg opnar regjeringa sin nasjonale integreringskonferanse. Konferansen går føre seg digitalt. Sjå eiga pressemelding for program og fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Kl. 15.30: Statsministeren taler på Nordisk råds digitale fellesmøte om hav og biologisk mangfald.

Tysdag 15. september
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg, justis- og beredskapsminister Monica Mæland og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad deltek på opninga av nye Agder fengsel, avdeling Froland. Adresse: Kristian Birkelandsvei 20, Froland.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Kl. 14.40: Statsministeren besøkjer prosjektet Sammen for livet i Larvik. Sammen for livet jobbar med å få straffedømte ut i ordinære jobbar. Adresse: IFokus-bygget, Elveveien 36, Larvik.

Pressekontakt for statsministeren er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Onsdag 16. september
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på den digitale energikonferansen til Pareto Securities.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bjørklund, telefon: 41 28 69 11, e-post: abj@smk.dep.no

Fredag 18. og laurdag 19. september
Statsministeren reiser til Bodø for å få innspel til regjeringas nye nordområdemelding 18. september. Statsministeren, utanriksministeren og barne- og familieministeren er i Tromsø 19. september for å få innspel til nordområdemeldinga.

Fredag
Statsministeren er i Bodø og inviterer til tre innspelsmøte om Nordområdemeldinga.

Kl. 10.35: Innspelsmøte med tema forsking, kompetanse og arbeidsliv.
Stad: Nord universitet. Universitetsalléen 11.

Kl. 12.45: Innspelsmøte med tema næringsutvikling.
Stad: Nord universitet. Universitetsalléen 11.

Kl. 14.50: Innspelsmøte med tema beredskap.
Stad: Politihøgskolen avd. Bodø. Universitetsaleen 1.

Presse som ønskjer å dekke eit eller fleire av desse innspelsmøta må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 17. september klokka 12.00. Det er avgrensa med plass.

Kl. 16.50: Statsministeren inviterer til kaffi og prat på Cafe City Nord.

Se www.regjeringen.no/kaffemedErna

Adresse: Stormyrveien 20, 8008 Bodø

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.

Laurdag
Kl. 09.40: Statsministeren besøkjer industrikonsernet NOFI i Tromsø. Tema: Næringsutvikling og inkludering. Adresse: Eidvegen 642, 9100 Kvaløysletta

Kl. 11.30: Statsministeren, utanriksministeren, barne- og familieministeren og Venstre-leiaren inviterer til innspelsmøte om Nordområdemeldinga.
Stad: Universitetet i Tromsø. Hansine Hansens veg 18, 9019 Tromsø

Presse som ønskjer å dekke innspelsmøtet må melde seg på til Ane.Haavardsdatter.Lunde@mfa.no innan fredag 18. september klokka 12.00. Det er avgrensa med plass.

Kl. 14.00: Regjeringas ungdomspanel for nordområdemeldinga inviterer til ope møte og  debatt. Statsministeren, utanriksministeren, barne- og familieministeren og Venstre-leiaren deltek.
Stad: Verdensteateret. Storgata 93B, 9008 Tromsø

Presse som ønskjer å dekke arrangementet må melde seg på til Ane.Haavardsdatter.Lunde@mfa.no innan fredag 18. september klokka 15.
Det er avgrensa med plass.

Kl. 15.30: Kl. 16.50: Statsministeren inviterer til kaffi og prat på Jekta Storsenter i Tromsø.

Se www.regjeringen.no/kaffemedErna

Adresse: Karlsøyvegen 12, 9015 Tromsø

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.