Statsministerens program veke 41
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 137/20 | Dato: 02.10.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Søndag 4. oktober
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg og kultur- og likestillingsminister Abid Raja besøkjer Holmestrand, der dei deltek på eit arrangement for barn og unge med nedsett funksjonsevne, i regi av Norsk Friluftsliv og DNT.
Arrangementet går føre seg i Hagemannsparken.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Pressekontakt for kultur- og likestillingsministeren er politisk rådgivar Emma Lind, telefon 48 01 05 31, e-post emma.lind@kud.dep.no.
Måndag 5. og tysdag 6. oktober
Statsministeren er i Stortinget i samband med trontaledebatten.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no.
Onsdag 7. oktober
Statsministeren er i Stortinget, i samband med at finansminister Jan Tore Sanner legg fram statsbudsjettet for 2021.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.
Torsdag 8. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2021.
Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å jobbe ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og NRK eller TV2. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.45.
Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil statsministeren, finansministeren og representantar for LO og NHO gi korte kommentarar til pressa og svare på spørsmål.
Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Me har difor eit avgrensa tal på plassar til pressa, og ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 7. oktober kl. 16.00.
Me kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktenes råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.
For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 11.15. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og landbruks- og matminister Olaug Bollestad møter Utmarkskommunenes Sammenslutning til dialogmøte om rovdyrpolitikken.
Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å jobbe ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og NRK eller TV2. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.15.
Etter møtet, om lag kl. 14.00, vil møtedeltakarane gi korte kommentarar til pressa og svare på spørsmål.
Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Me har difor eit avgrensa tal på plassar til pressa, og ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 7. oktober kl. 16.00.
Me kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktenes råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.
For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 13.45. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonssjef Jo Randen, telefon 91 16 94 63, e-post jo.randen@kld.dep.no.
Pressekontakt for landbruks- og matministeren er kommunikasjonssjef Ottar Løvik, telefon 48 14 04 77, e-post ottar.lovik@lmd.dep.no.
Fredag 9. oktober
Kl. 15.30: Statsministeren deltek på Plan International sin lansering av den årlege State of the World’s Girls-rapporten, i samband med den internasjonale jentedagen 11. oktober.
Stad: Nordic Screens, Gjerdrums vei 10D, Oslo.
Arrangementet blir sendt direkte på nett. Presse som ønskjer å følgje arrangementet må akkrediterast. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgiver Vibeke Eilevstjønn i Plan Norge, telefon 47 66 15 76, e-post vibeke.eilevstjonn@plan-norge.no.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.
Søndag 11. oktober
Kl. 11.00: Statsministeren deltek på festgudsteneste i Nidarosdomen i samband med årets kyrkjemøte som blir halde i Trondheim 8.–11. oktober. Statsministeren deltek deretter på ein lunsj i Erkebispegården.
Pressekontaktar er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 90 97 32 66, e-post eil@smk.dep.no.