Statsministerens program veke 6
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 16/20 | Dato: 31.01.2020
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 3. februar
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg har frukostmøte og bilaterale samtalar med Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir og Liechtensteins statsminister Adrian Hasler.
Ein fotopool som består av NTB scanpix, NRK og TV2 har høve til å fotografere inne ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.30. Ta med gyldig pressekort og id.
Om lag klokka 10.00: Dei tre statsministrane møter pressa i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 09.40.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgvar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.
Kl.13.30: Statsministeren deltek på toppmøte om inkluderingsdugnaden. Frå regjeringa deltek også arbeids- og sosialministeren, kommunal- og moderniseringsministeren og kultur- og likestillingsministeren. Toppmøtet går føre seg på Youngs i Oslo. Adresse: Youngstorget 3.
Presse kan vere til stades på heile møtet. Påmelding til presse@asd.dep.no.
Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Tysdag 4. februar
Kl. 09.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet vil vere dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor. Adresse: Glacisgata 1.
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.30. Ta med gyldig pressekort og id.
Deltakarane er tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 10.30. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 10.00. Ta med gyldig pressekort og id.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Kl. 14.40: Statsministeren deltek på Fagforbundet sin konferanse om svart økonomi, der ho møter Ap-leiar Jonas Gahr Støre til debatt. Stad: Oslo kongressenter, Youngs gate 21.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.
Kl. 16.00: Statsministeren markerer verdas kreftdag saman med brukarar, tilsette og Aktiv mot kreft på Akershus universitetssykehus. Adresse: Sykehusveien 25, Lørenskog.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Onsdag 5. februar
Kl. 09.45: Statsministeren taler på opninga av Hold Norge Rent-konferansen. Konferansen går føre seg på Quality Hotel Expo på Fornebu. Adresse: Snarøyveien 20.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Torsdag 6. februar
Kl. 08.00: Statsministeren og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland besøkjer Samisk barnehage på Tøyen i Oslo i samband med samefolkets dag.
Adresse: Helgesens gate 94.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Pressekontakt for distrikts- og digitaliseringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Kjetil Vevle, telefon 48 40 85 98, e-post kjetil.vevle@kmd.dep.no.
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på Groruddalstinget. Temaet for folkemøtet er barne- og ungdomskriminalitet. Arrangementet går føre seg på Furuset Forum. Adresse: Søren Bulls Vei 4, Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Fredag 7. februar
Kl. 14.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval. Tema for møtet er fintech og digitalisering av finansielle tenester. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor. Adresse: Glacisgata 1.
Laurdag 8. februar og søndag 9. februar
Statsministeren er i Etiopia, der ho skal vere til stades på toppmøtet i Den afrikanske union i Addis Abeba. Ho skal mellom anna delta på eit hav-arrangement om blå økonomi, vere til stades på lanseringa av eit fond for kvinnelege gründerar og besøkje eit helsesenter saman med Lærdal Medical. Laerdal Medical arbeider mellom anna med førebygging av mødre- og barnedød i Etiopia og fleire andre afrikanske land.
Akkrediteringsinfo til toppmøtet finn du her.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.
Fredag 14. og laurdag 15. februar
Statsminister Erna Solberg deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München 14. og 15. februar. Saman med sentrale avgjerdstakarar og representantar frå næringslivet og det friviljuge samfunn, vil statsministeren diskutere ulike sikkerheitspolitiske problemstillingar. Statsministeren deltek saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.
Presse som ønskjer å dekkje sikkerheitskonferansen må akkreditere seg her: https://pressaccreditation.securityconference.de/register. I tillegg ber me om at de sender ein e-post til smkinfo@smk.dep.no. Akkreditering må skje i løpet av laurdag 1. februar.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10, e-post Trude.Maseide@mfa.no.
Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, telefon 45 24 18 74, e-post Ingrid.Dasnes@fd.dep.no.
Tysdag 25. og onsdag 26. februar
Statsministeren besøkjer Longyearbyen på Svalbard.
Frøkvelvet på Svalbard er verdas største lager for trygg og sikker langtidslagring av frø. Lageret skal sikre matforsyninga for framtidige generasjonar, og 25. februar skjer den største deponeringa av frø sidan opninga av lageret i 2008.
Statsministeren deltek saman med representantar frå FNs pådrivargruppe for berekraftmåla. Statsministeren leier denne gruppa saman med presidenten i Ghana.
26. februar skal statsministeren delta på ein båttur som kjem til å handle om klimaendringane.
Presse som ønskjer å vere med til Svalbard, må akkreditere seg her.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.