Statsministeren til sikkerheitskonferansen i München
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 15/20 | Dato: 30.01.2020
Statsminister Erna Solberg deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München 14. og 15. februar.
Saman med sentrale avgjerdstakarar og representantar frå næringslivet og det friviljuge samfunn, vil statsministeren diskutere ulike sikkerheitspolitiske problemstillingar. Statsministeren deltek saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.
Presse som ønskjer å dekkje sikkerheitskonferansen må akkreditere seg her: https://pressaccreditation.securityconference.de/register/
I tillegg må presse også gje beskjed hit: smkinfo@smk.dep.no Fristen er ila sundag 2. februar.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10, e-post: Trude.Maseide@mfa.no
Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, telefon 45 24 18 74, e-post: Ingrid.Dasnes@fd.dep.no