Statsministeren er tilgjengeleg for pressa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 117/21 | Dato: 18.09.2021
Statsminister Erna Solberg er tilgjengeleg for pressa laurdag 18. september kl. 16.00 i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Statsministeren er tilgjengeleg for pressa
Sjå sendinga her
Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Oppmøte for presse frå kl. 15.30. Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressemøtet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på regjeringa.no nett-tv. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressemøtet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>