Historisk arkiv

Statsministerens program veke 11

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 16. og onsdag 17. mars
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2022 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell.

Det er innført særskilte smitteverntiltak på budsjettkonferansen. Det betyr mellom anna at konferansehotellet vil vere stengt for presse. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å jobbe når statsrådane kjem til hotellet. Deltakarar i poolen er NTB og NRK. Bilete vert delt på førespurnad.

Statsministeren og statsrådane gir ikkje intervju når dei kjem til Hurdal. Men det blir møte med pressa utanfor hotellet tysdag kl. 09.20. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.00.

Det vert korte kommentarar frå statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og finansminister Jan Tore Sanner. Det blir ikkje fellesfotografering av regjeringa.

Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til mo@smk.dep.no innan måndag kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og gyldig id.

Me ber redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar frå kvart mediehus til eit minimum. Me legg til grunn at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk vert publisert på Flickr. Pressemøtet vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressemøtet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Laurdag 20. mars
Kl. 10.15: Statsministeren deltek digitalt på fylkesårsmøtet til Viken Høgre.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.