Statsministerens program veke 21
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 67/21 | Dato: 21.05.2021
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 25. mai
Kl. 09.30: Statsminister Erna Solberg deltek på den digitale Power Summit 2021, der ho diskuterer klimaløysingar med tidlegare EU-kommisær Connie Hedegaard. Konferansen kan følgjast på nett.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Kl. 09.45: Statsministeren besøkjer Tysnes, der ho deltek på den offisielle opninga av Mestringshusene avd. Tysnes. Adresse: Uggdalsdalen 17.
Kl.11.30: Statsministeren deltek på eit lunsjmøte i regi av Tysnes Høgre. Møtet går føre seg på Mandelhuset i Våge.
Kl.12.45: Statsministeren besøkjer Haaheim gard og får ei orientering om det lokale næringslivet på Tysnes. Adresse: Dalsvegen 182
Kl.13.45: Statsministeren får ei omvising på den nye Treffstaden for ungdom og helsestasjonen for barn og unge. Stad: Våge senter.
Presse som ønskjer å delta på dei ulike programpostane må melde seg på til idn@smk.dep.no innan måndag 24. mai kl. 15.
Pressekontaktar for statsministeren på Tysnes er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Onsdag 26. mai
Kl. 09.00: Statsministeren besøkjer Energiparken i Øygarden, der ho legg ned grunnsteinen for det nye administrasjonsbygget til Northern Lights. Ho møter også lokalt næringsliv for å diskutere lokale ringverknader av Northern Lights/Langskip.
Presse som ønskjer å delta på besøket må melde seg på til Kim Bye Bruun, telefon 46 92 01 36, e-post kim.bruun@norlights.com, innan tysdag 25. mai kl. 12.
Kl. 12.30: Statsministeren deltek på opninga av dei 69. Festspela i Bergen. Opningsseremonien går føre seg i Grieghallen og kan følgjast digitalt.
Kl. 14.20: Statsministeren besøkjer Haakonsvern, der ho får ei orientering om Sjøforsvarets oppgåver og alliert trening.
Presse som ønskjer å delta på besøket på Haakonsvern må melde seg på til kommunikasjonssjef Torill Herland i Sjøforsvaret, telefon 47 47 57 49, e-post torherland@mil.no, innan tysdag 25. mai kl. 12.
Pressekontaktar for statsministeren denne dagen er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Torsdag 27. mai
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel deltek på den digitale, offisielle opninga av den undersjøiske straumkabelen NordLink mellom Noreg og Tyskland. Opningsseremonien kan følgjast på nett.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Kl. 18.00: Statsministeren deltek digitalt på lanseringa av koalisjonen 1000 Ocean startups, som jobbar for få fram fleire innovative løysingar for reinare og friskare hav. Arrangementet kan følgjast på nett.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Fredag 28. mai
Kl. 09.00: Statsministeren deltek digitalt på opninga av Idrettstinget 2021. Idrettstinget kan følgjast direkte på nett.
Pressekontaktar er er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Kl. 13.40: Statsministeren får omvising i det nye Nasjonalmuseet. Presse som ønskjer å delta på besøket må melde seg på til presse@nasjonalmuseet.no innan fredag 28. mai klokka 10.00.
Pressekontakt ved Nasjonalmuseet er kommunikasjonsrådgivar Ole Morten Fadnes, telefon 932 56 211, e-post olefa@nasjonalmuseet.no.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.