Statsministerens program veke 23
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 75/21 | Dato: 05.06.2021
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 8. juni
Statsminister Erna Solberg besøkjer Lysaker, Rælingen, Lillestrøm og Jessheim.
Kl. 09.30: Statsministeren besøkjer Sharebike på Lysaker. Denne bedrifta har gitt sjansar til folk som ofte har vanskar med å skaffe seg jobb, og statsministeren ønskjer å lære meir om korleis Sharebike jobbar for å inkludere fleire i arbeidslivet. Adresse: Vollsveien 13C, Lysaker.
Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Smedstad barneskole i Rælingen. Mange barn og unge har hatt eit annleis skuleår på grunn av pandemien. Tema for besøket er korleis elevar kan ta igjen det tapte, og få eit betre læringsutbyte. Adresse: Smedstadbråtan 1, Fjerdingby.
Kl. 12.15: Ordninga «Middag for eldre» gir tilskot til kommunar som samarbeider med restaurantar for å tilby billege middager til heimebuande eldre. Statsministeren et saman med eldre på ein restaurant, for å høyre meir om ordninga. Adresse: Meierigaarden Kro, Haldenvegen 305, Sørum.
Kl. 13.45: Området rundt Gardermoen har vore hardt råka av pandemien, og mange har mista jobben og vorte permitterte. Statsministeren møter ei ung kvinne som mista læreplassen på grunn av pandemien, men som har brukt tida til å skaffe seg meir kompetanse. Adresse: Jessheim videregående skole, Ringveien 60, Jessheim.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Onsdag 9. juni
Kl. 09.30: Statsministeren deltek digitalt på konferansen «Financing the Blue and Green Economy”, der ho skal snakke om berekraftig bruk av havet. Konferansen blir arrangert av Euronext.
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med handsaminga av Kontroll- og konstitusjonskomiteens innstilling i saka om statsrådprotokollar.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no
Kl. 11.00: Statsministeren deltek på Avfall Norges digitale årskonferanse, der ho snakkar om sirkulærøkonomi. Presse som ønskjer å følgje konferansen kan ta kontakt med Avfall Norge.
Kl. 12.00: Statsministeren har eit digitalt møte med Fremtind, KBN og Skift-nettverket, der ho får presentert eit notat om næringslivets rolle i klimatilpassinga av Noreg.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Kl. 14.00: Statsministeren held opningstalen på Integreringskonferansen. Sjå fleire detaljar om konferansen her.
Fredag 11. juni*
Kl. 11.45: Statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Tina Bru legg fram stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Eiga presseinvitasjon kjem seinare.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Kl. 13.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval, på Statsministerens kontor. Tema er digitalisering og verdiskaping i heile landet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Søndag 13. juni
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre, på Høgres Hus i Oslo.
Pressekontakt er Høgres pressesjef Cato Husabø Fossen, telefon 94 37 32 93, e-post chuf@stortinget.no.
Måndag 14. juni
Statsministeren leier den norske delegasjonen til NATO-toppmøtet i Brussel 14. juni. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen vil òg delta.
Informasjon om akkreditering finn du på nettsidene til NATO. Merk at akkrediteringsfristen går ut 6. juni.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post: ahj@smk.dep.no.