Statsministerens program veke 24
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 76/21 | Dato: 11.06.2021
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 14. juni
Statsminister Erna Solberg leier den norske delegasjonen til NATO-toppmøtet i Brussel. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen vil òg delta. Akkrediteringsfristen for presse er gått ut.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post: ahj@smk.dep.no.
Onsdag 16. juni
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på opninga av den nye chat-tenesta til Vald- og overgrepslinja (VO-linja). VO-linja vert drifta av Krisesentersekretariatet og Oslo krisesenter. Adresse: Mariboes gate 13, Oslo.
Pressekontakt for Krisesentersekretariatet er Julie Haatuft, telefon 47 90 14 41,e-post jh@krisesenter.com.
Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Fredag 18. juni
Kl. 11.30: I samband med markeringa av FN-dagen for berekraftig gastronomi serverer Stiftelsen Norsk Gastronomi lunsj til regjeringa etter statsrådsmøtet på Slottet. Maten blir laga av dei fem kokketalenta som i haust skal konkurrere i Årets kokk 2021, som er det norske uttaket til Bocuse d’Or 2023. Menyen er sett saman av norske råvarer og blir servert i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Presse som ønskjer å dekke lunsjen kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Kontaktperson i Stiftelsen Norsk Gastronomi er dagleg leiar Arne Sørvig, telefon 91 91 19 95.
Laurdag 19. juni
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg legg ned grunnsteinen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Statsministeren deltek på partiarrangement i Molde og Ålesund laurdag ettermiddag.
Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.
Søndag 20. juni
Statsministeren besøkjer Ålesund, Ulsteinvik, Fosnavåg og Volda. Vi kjem tilbake med fleire detaljar i neste veke.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Fredag 25. juni
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det vert enkel servering frå kl. 10.00.
Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 23. juni.
Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.30.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.