Statsministerens program veke 25
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 81/21 | Dato: 18.06.2021
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Laurdag 19. og søndag 20. juni
Statsminister Erna Solberg besøkjer Molde, Ålesund, Ulsteinvik, Fosnavåg og Volda. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Måndag 21. juni
Kl. 10.45: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Guri Melby besøkjer sommarskulen på Marienlyst ungdomsskole. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Adresse: Schwartz gate 12 i Drammen.
Kl. 13.30: Statsminister Erna Solberg, kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup og distriks- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland legg fram tre distriktspolitiske strategiar for kysten, fjell og innland og småbyar. Sjå eiga pressmelding for fleire detaljar. Adresse: Torget utanfor Bø rådhus, Bøgata 67, Bø i Vestfold og Telemark.
Kl. 14.30: Statsministeren og statsrådane besøkjer bilvaskeriet til gründerbedrifta MSG Cleaning Systems. Sjå eiga pressmelding for fleire detaljar. Adresse: Røysumvegen 3, Bø i Vestfold og Telemark.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Tysdag 22. juni
Kl. 08.30: Statsministeren er med på opninga av den digitale Trondheim Carbon Capture & Storage Conference.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.
Onsdag 23. juni
Kl. 13.30: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Såpa bilpleie. Dette er eit tilbod frå Frelsesarmeen som gir nye moglegheiter til personar som av ulike grunnar har vore utanfor arbeidslivet i ein lengre periode. Adresse: Smalvollveien 28, Oslo.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.
Kl. 16.30: Statsministeren deltek på opptaket til den offisielle opninga av Allsang på grensen på Fredriksten Festning i Halden.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Torsdag 24. juni
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg, kultur- og likestillingsminister Abid Raja, utviklingsminister Dag-Inge Ulstein og helse- og omsorgsminister Bent Høie presenterer regjeringa sin nye handlingsplan mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.
Presse som ønskjer å vere til stades på lanseringa i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 kan melde seg på til kudinfo@kud.dep.no innan onsdag 23. juni kl. 12.
Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.
Fredag 25. juni
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse på takterassen til det nye Nasjonalmuseet ved Rådhusplassen i Oslo. Det vert enkel servering frå kl. 10.00.
NB! Pressekonferansen er flytta frå Parkveien 45 til det nye Nasjonalmuseet.
Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 23. juni kl. 16.
Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.30.
Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.