Historisk arkiv

Statsministerens program veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 8. februar
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg, næringsminister Iselin Nybø og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn deltek digitalt på overleveringa av hovudrapporten for Prosess21. I rapporten blir det vurdert korleis prosessindustrien kan minske CO2-avtrykket og samtidig ha berekraftig vekst fram mot 2050.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 14.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Regjeringa sin reviderte strategi mot arbeidslivskriminalitet, dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret vil vere sentrale tema for møtet.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å arbeide ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og NRK/TV2. Oppmøte for fotografar seinast kl. 13.45.

Etter møtet, om lag kl. 16.00, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 8. februar kl. 12. Me kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 15.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Tysdag 9. februar
Kl. 14.30: Før sommaren skal regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet. Dette er eit svært viktig og prioritert område for regjeringa. I samband med dette arbeidet, held statsministeren og justis- og beredskapsministeren to innspelsmøte - eitt i Bergen og eitt i Drammen. I innspelsmøta deltek ungdom og fagfolk som jobbar tett med ungdom i Bergen og Drammen. Innspelsmøta blir halde for å samle erfaringar og råd til meldingsarbeidet.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Raheela Chaudhry, telefon 91 88 35 68, e-post raheela.chaudhry@jd.dep.no.

Onsdag 10. februar
Kl. 10.30: Statsministeren deltek digitalt på den offisielle opninga av PTGs nye produksjonslokale i Malmefjorden i Hustadvika kommune. PTG produserer blant anna utstyr til oppdrettsnæringa og har investert 20 millionar kroner i utvida produksjonskapasitet. Opninga kan følgjast direkte.  

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Torsdag 11. februar
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på webinaret «Sjømatpulsen», der ho møter Ap-leiar Jonas Gahr Støre til debatt om framtidas fiskeri- og havbrukspolitikk. Alle som vil følgje webinaret, inkl. presse, kan melde seg på her.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Fredag 12. februar
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og finansminister Jan Tore Sanner legg fram Perspektivmeldinga. Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongensgate 20.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 13.30: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval, på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Laurdag 13. februar
Statsministeren deltek digitalt på fylkesårsmøtet til Høgre i Nordland.

Pressekontakt er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.