Avtale med Island og Sveits om Sveits sin tilknyting til samarbeid om grensekontroll
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 12.05.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Regjeringa la fredag fram St.prp. nr 60 der Stortinget mellom anna er bede om å samtykke til reglar om grensekontroll og kamp mot kriminalitet, samt reglar for kven stat som skal behandle asylsøknadar.
For at reglane mellom EU og Sveits og skal gjelde mellom Noreg, Island og Sveits, er det naudsynt med ein eigen avtale mellom dei tre landa. Avtalen vil gjere det mogeleg for norske og sveitsiske styresmakter å samarbeide i eit større europeisk reisefridomsområde m.a. om innvandring og kamp mot grensekryssande kriminalitet.