Zimbabwe-forskrifta er oppdatert
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 19.04.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Forskrifta om særlege tiltak mot Zimbabwe og Burma er endra. Mellom anna er våpenembargoen mot både landa utvida.
- våpenembargoen er utvida til å omfatte finansiering og fagleg hjelp knytta til militært materiell og militære aktivitetar.
- påbodet om frysing og forbodet mot å gjere tilgjengeleg midlar for listeførte personar, er utvida til å omfatte økonomiske ressursar som fast eigedom, lausøyre, immaterielle rettar mv.
- samstundes er det innført ei rekkje unntak frå påbodet om frysing og forbodet mot å gjere tilgjengeleg midlar og økonomiske ressursar, mellom anna for dekking av nødvendige utgifter til mat og bustad.
Endringane er ei oppfølgjing av endringar EU har gjort i sine tiltak mot Zimbabwe etter at forskrifta vart vedteken, som Noreg og ei rekkje andre europeiske land har slutta opp om.
Brot på forskrifta er straffbart.
Endringane tek til å gjelde straks, og den reviderte forskrifta vil om kort tid vere tilgjengeleg på www.lovdata.no.