Noreg innførar sanksjonar mot Eritrea
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 05.03.2010
Regjeringa har i dag vedteke ei føresegn om sanksjonar mot Eritrea.
Føresegna er vedteken med heimel i lov av 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindande vedtak av Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane, og sanksjonane vert innførte som følgje av ein resolusjon frå Tryggingsrådet av 23. desember 2009.
Resolusjonen er bindande for alle medlemsstatane i FN. Føresegna inneheld:
- forbod mot eksport eller formidling av våpen og tilknytt materiell
- forbod mot finansiering og fagleg hjelp knytte til militært materiell og militære aktivitetar
- forbod mot import av slike varer og faglig hjelp frå Eritrea
I tillegg vert det gjennomført reiserestriksjonar, påbod om frys av midlar, og forbod mot sal av våpen og tilknytt materiell til personar som skal utpekast av sanksjonskomiteen. Føresegna tek til å gjelde straks, og vil om kort tid vere tilgjengeleg på Lovdata.