Ny søknadsrunde i nordområdeprogrammet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Utenriksdepartementet
Nyhet | Dato: 27.05.2014
- Regjeringa har som mål at Noreg skal vera leiande innan kunnskap og utdanning i nordområda. Utlysinga i nordområdeprogrammet er eit godt høve for norske institusjonar til å byrje samarbeid om høgare utdanning med internasjonalt leiande institusjonar i strategisk viktige land, seier utanriksminister Børge Brende.

Norske universitet og høgskular kan no søkja om midlar i nordområdeprogrammet for samarbeid med leiande utdanningsinstitusjonar i Canada, Japan, Kina, Russland, Sør-Korea og USA. Utanriksdepartementet samarbeider med Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) om nordområdeprogrammet som blei sett i verk hausten 2013. Sidan byrjinga har programmet støtta 13 samarbeidsprosjekt. Departementet har no styrka programmet med åtte millionar kroner slik at ramma for perioden 2013-2018 er på til saman 53 millionar kroner
Ei liste over prosjekta som har fått støtte kan du finne her.
Informasjon om utlysinga kan du finne på SIUs heimesider.