Noreg støttar utvikling av rettsstaten i Mali
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 18.03.2016
Utanriksminister Børge Brende signerte tidlegare denne veka ein tilleggsavtale med FN sitt utviklingsprogram (UNDP) i Mali om utvikling av rettsstaten. – Dette er eit viktig norsk bidrag til å få framgang i gjennomføringa av fredsavtalen i Mali. Fred og stabilitet i heile Sahel-området er i norsk strategisk interesse. Utvikling av rettsstaten er ein viktig føresetnad for dette, seier utanriksministeren, som vitja Mali denne veka.
Noreg støttar fredsavtalen i Mali både med militære bidrag til FN-operasjonen Minusma og gjennom eit stort bistandsprogram. Norsk støtte på nye 20 millionar kroner til UNDP er ein viktig del av dette arbeidet.
– Det er ei glede å kunne bidra til å føre dette arbeidet vidare. Dei nye ressursane vil gjere at offentlege tenester og administrasjon også kan nå ut til mindre byar i Nord-Mali, seier Brende.
Prosjektet som Noreg støttar gjeld atterreising av statlege og lokale offentlege tenester og funksjonar i Nord-Mali. Dette gjeld mellom anna domstolar, politistasjonar og fengsel. Prosjektet bidreg òg til opplæring av personell, og med utstyr til institusjonane. Så langt har prosjektet bidrege til restaurering av mellom anna ni domstolar, ein politistasjon for narkotikapolitiet og fem administrasjonsbygg. I tillegg går det føre seg arbeid med ytterligare åtte domstolar, eit fengsel, to rådhus og ein politistasjon. Dei fleste av desse institusjonane ligg i byane Gao, Mopti og Timbuktu.
Med det nye bidraget har Noreg støtta prosjektet med totalt 40 millionar kroner sidan 2014.