Positiv utvikling i dialogen mellom den colombianske regjeringa og Farc
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Utenriksdepartementet
Nyhet | Dato: 07.10.2016
Den colombianske regjeringa og Farc la i dag fram ei felleserklæring om det vidare arbeidet med å sikre ei fredeleg løysing i Colombia. - Dette er særs positivt. Norge vil halde fram med å bidra på dei måtar vi kan for at fredsprosessen skal lukkast, seier utanriksminister Børge Brende.
I erklæringa understrekar partane behovet for å lytte til ulike deler av det colombianske samfunnet etter at eit fleirtal sa nei til den framforhandla fredsavtalen i folkeavstemninga 2. oktober. Likeeins legg partane vekt på viktigheita av å oppretthalde våpenkvilen som vart annonsert 29. august, og at FN kan halde fram med sitt arbeid med å overvake og verifisere våpenkvilen. Partane understrekar at dei ynskjer å halde fram med fleire av dei planlagde tillitsskapande tiltaka, som minerydding, narkotikabekjemping, og tilbakeføring av mindreårige Farc-medlemar.
- Først og fremst er eg glad for at at ein sikrar ei vidareføring av våpenkvilen og at FN sitt viktige oppdrag held fram, men og for at partane klart uttrykkjer eit ynskje om å lytte til og forstå bekymringane som fins i deler av det colombianske samfunnet. Difor har vi, saman med Cuba, i dag lagt fram ei fellesfråsegn med vår støtte til dialogen som nå pågår mellom partane, seier Brende.
Les erklæringen her (engelsk)