Historisk arkiv

Nansenprisen 2018 til sør-sudansk kirurg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Evan Atar Adaha vart tysdag 25. september annonsert som vinnar av Nansenprisen 2018. Han får prisen for sin 20-årige innsats med å yte medisinske tenester til fordrivne i Sør-Sudan.

Dr. Atar er kirurg og medisinsk direktør på eit sjukehus i Maban i Sør-Sudan som tilbyr helsetenester til meir enn 200.000 menneske, inkludert kring 144.000 flyktningar.

- Eg vil gratulere Dr. Evan Atar for hans mot og eineståande innsats. Hans arbeid, under særs utfordrande tilhøve, er ei sterk påminning for oss alle om verdien av personleg engasjement og pågangsmot, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.  

Sør-Sudan, verdas yngste nasjon, fekk sjølvstende i 2011 og har sidan vore råka av borgarkrig og humanitære kriser. Dr. Atar og hans team utfører om lag 58 operasjonar kvar veke, trass små ressursar og lite medisinsk utstyr. 

Nansenprisen er viktig for å løfte fram innsatsen til personar og organisasjonar som kjempar for rettane og tilhøva for menneske på flukt frå krig og konflikt, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

-  Prisen er ein viktig del av arbeidet med å verne den humanitære arva etter Nansen og rettar i år søkelys mot eit land med store utfordringar og avgrensa helsetilbod. Norge har lenge vore med på å setje situasjonen for helsearbeidarar i humanitære kriser på dagsorden internasjonalt, og vi vil halde fram med å bidra til ei løysing på konflikten i Sør-Sudan, seier utanriksministeren.

Noreg var med på å etablere Nansenprisen i 1954. Prisen ber namnet sitt etter den fyrste høgkommissæren for flyktningar, Fridtjof Nansen. Den prestisjetunge humanitære ærestittelen blir tildelt årleg av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), med stønad frå Norge og Sveits.

Statssekretær Marianne Hagen vil delta på UNHCR sitt årlege høgnivåmøte i Genève neste veke og er tilstades under prisutdelinga 1. oktober.