Utviklingsministeren gjesta Norec
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 19.06.2020
Torsdag vitja utviklingsminister Dag-Inge Ulstein Førde for å høyre frå dei tilsette i Norec om korleis dei jobbar for å tilpasse seg koronasituasjonen. Då koronapandemien stengde grenser over heile verda, vart store delar av den vanlege drifta til Norec sett på pause. Nærmare 300 utvekslingsdeltakarar over heile verda reiste heim. No tenker Norec nytt om korleis dei kan gjennomføre utvekslingsprosjekt.
- Situasjonen har satt ein stoppar for utveksling og tvunge fram digitale måtar å arbeide på. Eg er imponert over kor raskt Norec har klart omstillinga, seier Ulstein.
Alle samarbeidspartnarane til Norec har fått høve til å endre planar som følgje av koronautbrotet, og Norec har motteke kring 60 søknadar frå prosjekt som vil tilpasse seg koronasituasjonen. Samtidig førebur Norec seg på tida etter pandemien.
- Dette er ein unntakstilstand, og vi skal bidra i dugnaden. I tida etter koronapandemien vil det vere behov for endå større internasjonalt samarbeid og utveksling, og då skal Norec vere klar, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.
Utviklingsministeren vitja også Florø. Flora vidaregående skule har sidan 2012 drive samarbeidsprosjekt med entreprenørskapssenteret Nkhotakota Youth Organization i Malawi. Prosjekta skal styrke organisasjonane som regionale utviklingspartnarar gjennom yrkeskompetanse og entreprenørskap, auke kvaliteten i tilboda hos dei fire involverte verksemdene, auke samarbeidet med lokalt næringsliv og auke tilgangen til arbeid for unge menneske.
I 2015 vart Uganda Youth Skills Training Organzation involvert i prosjektet for å styrke partnarar i Malawi ytterligare. Frå februar 2020 har Firda vidaregåande skule sendt og motteke deltakarar, med mål om at dei skal drive eit sjølvstendig prosjekt saman med den ugandiske partnarorganisasjonen.