OECD har evaluert norsk utviklingspolitikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 09.01.2014
Måndag 13. januar overleverer OECDs visegeneralsekretær Rintaro Tamaki ein rapport med vurderingar av norsk utviklingspolitikk til utanriksminister Børge Brende.
Invitasjon til pressemøte om OECDs vurderingar av norsk utviklingspolitikk, måndag 13. januar kl. 11.20 i Utanriksdepartementet.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) lagar kvart fjerde/femte år rapportar om medlemslandas utviklingspolitikk. Det er fem år sidan sist det blei laga ein slik rapport om norsk utviklingspolitikk.
Rapporten inneheld mykje ros, men også klare tilrådingar om kva som kan bli betre.
OECDs visegeneralsekretær Rintaro Tamaki overleverer rapporten til utanriksminister Børge Brende måndag 13. januar. I samband med dette inviterer utanriksdepartementet til pressemøte der det vil bli høve til å intervjue både Tamaki og Brende.
Tid: 13. januar kl. 11.20
Stad: Utanriksdepartementet, 7. juniplassen 1.
Vi ber om at påmelding blir sendt asve@mfa.no, innan fredag 10. januar kl 14.
Pressekontakt: Astrid Versto, kommunikasjonssjef (utvikling), 901 92 920.