Kva skal til for å utrydde ekstrem fattigdom?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 05.02.2014
Statsministeren og utanriksministeren møter frivillige organisasjonar fredag 7. februar for å drøfte FNs utviklingsmål.
Statsministeren og utanriksministeren møter frivillige organisasjonar fredag 7. februar for å drøfte FNs utviklingsmål.
Statsminister Erna Solberg er ein av leiarane for pådrivargruppa for å nå dei globale utviklingsmåla innan utgangen av 2015.
Samtidig er arbeidet med nye tusenårsmål i full gang. Målsettinga er å utrydde ekstrem fattigdom gjennom bærekraftig utvikling, innan 2030.
Fredag 7. februar vil statsministeren orientere norske frivillige organisasjonar om sitt engasjement for FNs tusenårsmål, og framdrifta i arbeidet.
Utanriksminister Børge Brende vil samtale med, og få innspel frå organisasjonane om arbeidet med dei nye måla fram mot 2030.
Pressa blir invitert til møtet, og vil få tilgang til statsministeren og utanriksministeren.
Tid: 7. februar kl 12.00 – 13.00
Stad: Utanriksdepartementet, 7. juniplassen 1.
Av plassomsyn ber vi om at påmelding blir sendt asve@mfa.no innan torsdag 6. februar kl 13.
Pressekontakt for statsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, 909 38 987.
Pressekontakt for utanriksministeren: Kommunikasjonssjef (utvikling) Astrid Versto, 901 92 920.