Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 36
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 29.08.2014
Her følgjer eit utdrag av programmet for politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 36, 2014.
Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksminister Børge Brende
Måndag 1. september
Utanriksminister Brende er i Kiev. Sjå eigen priv. til red. Stad: Kiev, Ukraina
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kristin Enstad, 482 68 835
Onsdag 3. september
Kl. 09.30: Utanriksminister Brende møter Alicia Bárcena, leiar for The United Nations Economic Commission for Latin America and the Caribbean (Cepal/ECLAC). Stad: UD
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 10.30: Utanriksminister Brende møter representantar for det sivile samfunn i forkant av FNs generalforsamling. Stad: Norad
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Veslemøy L. Salvesen, 995 68 584
Torsdag 4. og fredag 5. september
Utanriksminister Brende deltek på Nato-toppmøtet i Wales. Stad: Cardiff
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Eskil Sivertsen, 926 89 277
Statsråd Vidar Helgesen
Måndag 1. september
Statsråd Helgesen er i Kiev. Sjå eigen priv. til red. Stad: Kiev, Ukraina
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kristin Enstad, 482 68 835
Tysdag 2. september
Kl. 13.30: Statsråd Helgesen deltek i den offisielle lunsjen på Slottet i samband med statsgjestinga frå Estlands president Toomas Hendrik Ilves.
Kl. 15.45: Statsråd Helgesen tek imot president Ilves på Europakonferansen, der Ilves skal holde hovudinnlegget. Stad: Gamle Festsal, UiO.
Kl. 20.00: Statsråd Helgesen deltek på middag på Slottet i høve statsbesøket frå Estland. Stad: Slottet.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.
Onsdag 3. september
Kl. 10.00: Statsråd Helgesen held innlegg på estisk-norsk næringsforum i lokala til DNB i Bjørvika.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536
Torsdag 4. september
Kl. 09.00: Statsråd Helgesen reiser til Bardufoss, der han mellom anna besøkjer bedrifta Finnfjord og møter representantar for fiskerinæringa.
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.
Fredag 5. – søndag 7. september
Statsråd Helgesen deltek på Høgres kommunalkonferanse. Stad: Tromsø
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754
Statssekretær Bård Glad Pedersen
Måndag 1. september
Kl. 18.30: Statssekretær Pedersen deltek på eit opent møte om sivilsamfunnets og pressas rolle i det norske demokratiet. Debatten vert arrangert av Utviklingsfondet og Rorg-samarbeidet (organisasjonar med rammeavtalar med Norad). Stad: Litteraturhuset, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 3. september
Kl. 08.00: Statssekretær Pedersen deltek på frukostmøte med Civita: "Trusselen fra jihadismen". Stad: Café Christiania, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 11.00: Statssekretær Pedersen møter Asma Jahangir, vinnar av Stefanusprisen 2014. Stad: UD.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Hans Brattskar
Måndag 1. – torsdag 4. september
Statssekretær Brattskar deltek på ein FN-konferanse om små øystatar. Stad: Samoa
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Morten Høglund
Torsdag 4. september
Kl. 12.00: Statssekretær Høglund møter ambassadørar frå Asean-landa. Stad: Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 5. september
Kl. 12.15: Statssekretær Høglund møter representantar frå urfolksorganisasjonar i Peru. Stad: UD
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02