Historisk arkiv

Stor innovasjonsdugnad for global helse og utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Norsk næringsliv og fagmiljø har levert inn 116 forslag til korleis Noreg kan bidra til å nå nye og ambisiøse mål for utdanning og helse globalt dei neste femten åra. Gjennom initiativet «Visjon 2030» inviterte regjeringa norske miljø til ein innovasjonsdugnad for å koma med innspel før forhandlingane om FNs bærekraftsmål blir avslutta i New York i løpet av året.

- Eg er imponert over den omfattande og fagleg sterke responsen på «Visjon 2030». I norske miljø finst det nyskapande og bærekraftige løysingar som gjer at vi bidrar til at verda når målsettingane vi skal setje oss i FN i New York. Måla må vera ambisiøse, men også realistiske. Nye tankar, ikkje bare pengar trengst for å skape berekraftig utvikling dei neste femten åra, seier utanriksminister Børge Brende.

Mange av bidraga ser helse og utdanning i samanheng. Kreativiteten har vore stor. Eitt forslag går ut på å vidareutvikle ein lærings-app for barn og ungdom med type 1 diabetes. Utgangspunktet er ein app som alt blir nytta av mange med diabetes i Noreg. Denne kan tilpassast utviklingsland. 

- Vi er svært glad for at det har kome så mange gode forslag og idear. Bærekraftsmåla som skal ferdigforhandlast seinare i år er universelle. Fleire av forslaga kan vere aktuelle både for oss og utviklingsland, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie. 

Eksempel på forslag som har kome inn:

  • Estetiske og samtidig multifunksjonelle solcellelamper som kan brukast på både sjukehus og skular. 
  • Rimeleg eller gratis tilgang til internett ved hjelp av teknologi som komprimerer data, og ein innovativ strategi der offentlege og private aktørar samarbeider for gjennomføre dette.
  • Fleire bidrag går på såkalla «hurtigskular». Barn og unge som ikkje har hatt høve til undervisning, eller har droppa ut ein periode, kan ta igjen tapt undervisning  før dei igjen er tilbake i skulen.
  • Ein app for barn med lese og skrivevanskar er på lista. 

- Det er fleire forslag til digitale læringsspel, ofte knytte til matematikk-, lese- og skrivekunnskap. Det er fint å sjå at den norske kompetansen i utdanningssektoren også kan komme andre til gode, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

Representantar frå Norad, Innovasjon Noreg, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet vurderer no dei innkomne bidraga. Dei beste skal presenterast på «Visjon 2030»-konferansen i Trondheim 3. mars. 

- Det er viktig at vi får eit betre bilete av kva som rører seg i landet vårt av skaparkraft og idear, og bruke desse for å gjennomføre måla for ei betre verd som skal bestemmast i FN i New York i løpet av året, seier Brende. 

Pressekontaktar: 

Utanriksdepartementet: Astrid Versto, mob 901 92 920
Helse- og omsorgsdepartementet: Andreas Keus, mob 950 72 023
Kunnskapsdepartementet: Siri Baastad, mob 996 33 534 

For meir informasjon, sjå www.norad.no/Visjon2030