Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 13, 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag av programmet for politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 13, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort  i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 24. mars
Kl. 15.00: Utanriksminister Brende svarar på ein interpellasjon frå stortingsrepresentanten Stine Renate Håheim. Stad: Oslo (Stortinget)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 25. mars
Kl. 08.45: Utanriksminister Brende møter Smail Chergui, kommissæren for fred og tryggleik i Den afrikanske union (AU). Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.00: Utanriksminister Brende møter Ukrainas viseutanriksminister Natalia Galibarenko. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.30: Utanriksminister Brende er vert for ein arbeidslunsj med Sveriges utanriksminister Margot Wallström. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 26. mars
Utanriksminister Brende vitjar Berlin for å delta i eit panel i samband med konferansen Berlin Energy Transition Dialogue. Brende møter også mellom anna utanriksministeren i Tyskland, Frank-Walter Steinmeier. Sjå eiga pressemelding. Stad: Berlin

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Fredag 27. – laurdag 28. mars
Utanriksminister Brende vitjar Mexico for bilaterale møte med meksikanske styresmakter. Han skal også opne eit seminar om energi og klima. Sjå eiga pressemelding. Stad: Mexico City.

Pressekontakt: Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Statsråd Vidar Helgesen

Onsdag 25. mars
Kl. 11.30: Statsråd Helgesen er invitert til Bondelaget for å snakke om «Noreg og EU i eit forhandlingsår». Stad: Thon Hotel Opera.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536 

Kl. 13.00: Statsråd Helgesen deltar på EØS-konferansen, eit årleg arrangement for tilsette i offentleg forvalting som arbeider med EØS-spørsmål. Stad: Det norske teateret.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536 

Torsdag 26. mars

Kl. 09.30: Statsråd Helgesen held innlegg under konferansen Industriens Motemesse, der han skal snakke om «Grønn omstilling - i Norge og Europa». Stad: Telenor Arena.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Måndag 23. mars
Kl. 11.00: Statssekretær Pedersen møter Fabrizio Hochchild, FN sin stadlege representant i Colombia. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 15.30: Statssekretær Pedersen opnar Afghanistan-veka 2015. Stad: Oslo (HD-salen, Hausmannsgt 7)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 24. mars
Kl. 15.00: Statssekretær Pedersen opnar eit høgnivåseminar i regi av FN, finske CMI og Prio om kvinners rolle i fredsprosessar. Stad: Oslo (Soria Moria)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 25. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Pedersen møter Ukrainas viseutanriksminister Natalia Galibarenko. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 26. mars
Kl. 09.30: Statssekretær Pedersen held innlegg på ein konferanse om organisert kriminalitet, tryggleik og utvikling, i regi av Utanriksdepartementet og The Global Initiative against Transnational Organized Crime. Stad: Oslo (UD).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.30: Statssekretær Pedersen møter humanitære organisasjonar som arbeider med Syria. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 23. mars
Kl. 11.00: Statssekretær Brattskar møter Sufian Ahmed Beker, finansminister i Etiopia. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 24. mars
Kl. 09.00: Statssekretær Brattskar held innleiing på Verdas vassdag. Stad: Oslo (Ciens – Forskingssenter for miljø og samfunn, Forskningsparken)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 25. mars
Kl. 09.00: Statssekretær Brattskar opnar eit seminar om investeringar i Afrika i regi av Utanriksdepartementet i samarbeid med Afrikabanken, Innovasjon Norge, Norad og Norwegian-African Business Association (Naba). Stad: Oslo (Felix 2, Aker brygge)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 26. mars
Kl. 11.00: Statssekretær Brattskar møter Utdanningsforbundet. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 27. mars
Statssekretær Brattskar møter generaldirektøren i Unesco, Irina Bokova, for å mellom anna diskutere utdanningssatsinga. Sjå eiga pressemelding. Stad: Paris.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Morten Høglund

Tysdag 24. mars
Kl. 12.00: Statssekretær Høglund møter Kompakt, konsultasjonsorganet til regjeringa i saker om næringslivets samfunnsansvar. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 26. mars
Statssekretær Høglund vitjar Ålesund for møte med næringsliv og kunnskapsmiljø. Sjå eiga pressemelding. Stad: Ålesund

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Måndag 23. mars
Kl. 10.30: Statssekretær Stub møter representantar for partane i arbeidslivet for å diskutere EØS-samarbeidet. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.00: Statssekretær Stub møter Noregs forskingsråd for å diskutere EØS-samarbeidet. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 26. mars
Kl. 08.30: Statssekretær Stub held innlegg om EU på eit seminar for Helsedirektoratet. Stad: Oslo (Universitetsgata 2)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 27. mars
Statssekretær Stub vitjar Luxemburg for å diskutere det komande EU-formannskapet med representantar for regjeringa. Ho vitjar også Efta-domstolen. Stad: Luxembourg

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.