Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementets program veke 21

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Herfølgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 21, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Torsdag 21. - fredag 22. mai
Utanriksminister Brende deltek på eit uformelt ministermøte i Arktisk råd i Washington D.C. Sjå eiga pressemelding. Stad: Washington D.C. 

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 18. mai
Statsråd Helgesen er i Brussel der han møter spesialrådgjevar Michel Barnier i EU-kommisjonen, og kommissær og visepresident for den digitale indre marknaden, Andrus Ansip. Helgesen skal og delta på det halvårlege EØS-rådsmøtet i Brussel. Sjå eiga pressemelding. Stad: Brussel

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Onsdag 20. mai
Statsråd Helgesen deltek på toppmøtet om klimapolitikk og næringsliv, Business & Climate Summit. I tillegg vil Helgesen òg ha bilaterale samtalar, mellom anna med den franske ministeren for Europa-saker, Harlem Désir. Sjå eiga pressemelding. Stad: Paris.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Måndag 18. – tysdag 19. mai
Statssekretær Pedersen deltek på Europarådet sitt utanriksministermøte. Sjå eiga pressemelding. Stad: Brussel

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 20. mai
Kl. 08.30: Statssekretær Pedersen møter Paavo Lipponen, tidlegare statsminister i Finland. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.00: Statssekretær Pedersen møter Den norske Burmakomité. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 21. mai
Kl. 12.30: Statssekretær Pedersen møter FN sin assisterande generalsekretær og leiar av støttekontoret for fredsbygging, Oscar Fernández-Tarancos. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.00: Statssekretær Pedersen deltek på FN-sambandet si feiring av 70-årsjubileet til FN. Stad: Ingeniørenes Hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar

Måndag 18. – onsdag 20. mai
Statssekretær Brattskar deltek på FN-forumet "Sustainable Energy 4All'. Sjå eiga pressemelding. Stad: New York

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 21. mai
Kl. 13.00: Statssekretær Brattskar møter representantar for Digni og biskopane John Yambasu, Sierra Leone og John Innis frå Metodistkyrkja i Liberia. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 22. mai
Kl. 09.00: Statssekretær Brattskar har møte med Strømmestiftinga. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.00: Statssekretær Brattskar møter Mahboub Maalim, generalsekretær i Igad (Intergovernmental Authority on Development. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Morten Høglund

Måndag 18. mai
Kl. 13.30: Statssekretær Høglund møter Colombias viseminister for miljø og berekraftig utvikling, Pablo Vieira Samper. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 19. mai
Kl. 14.00: Statssekretær Høglund møter Ensaf Haidar, ektefelle til menneskerettsforkjemparen Raif Badawi. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 20. mai
Kl. 09.00: Statssekretær Høglund opnar eit seminar om ungdom og radikalisering i Pakistan. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.00: Statssekretær Høglund held eit møte om Tisa (Trade in Services Agreement) med representantar frå fagrørsla i Noreg. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.30: Statssekretær Høglund møter Guatemala sin utdanningsminister Chynthia Del Águila. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 21. mai
Kl. 11.00: Statssekretær Høglund deltek på eit møte i WTO-utvalet om mattryggleik. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 22. mai
Kl. 08.30: Statssekretær Høglund opnar eit frukostseminar om næringslivsutvikling i Sør-Korea. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Måndag 18. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Stub møter ei gruppe med ungdommar frå Romania som jobbar med prosjekt knytta til diskriminering og hatprat. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 16.00: Statssekretær Stub deltek på lanseringa av EU sin pris for kulturarv 2015 «Europa Nostra Awards». Stad: EU-delegasjonen, Klingenberggata 7A, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 20. mai
Kl. 09.00: Statssekretær Stub opnar eit seminar om den humanitære situasjonen i Middelhavet. Stad: Prio, Hausmannsgate 7, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.