Utdrag frå Utanriksdepartementets program veke 33
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.08.2015
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Børge Brende
Torsdag 13. august og fredag 14. august
Utanriksminister Brende deltek på Arendalsuka 13.-14. august. Utanriksminister Brende vil mellom anna delta i ei open samtale om ytringsfridom med sjefsredaktør Gerard Biard, i det franske satiremagasinet Charlie Hebdo, Europarådets generalsekretær Thorbjørn Jagland, forleggar William Nygaard og samfunnsdebattant, forfattar og lege Bushra Ishaq. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Arendal.
Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022
Statssekretær Bård Glad Pedersen
Onsdag 12. – torsdag 13. august
Statssekretær Pedersen deltek på Arctic Race-konferansen onsdag 12. august og opnar Arctic Race of Norway (ARN) torsdag 13. august i Harstad. Arrangementa representerer to modige og konstruktive satsingar i nord. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Harstad.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Laurdag 15. – måndag 17. august
Statssekretær reiser til Svalbard 15.-17. august. Pedersen vil være vert for dei amerikanske senatorane McCain og Whitehouse. Besøket vil fokusere på nordområdene, klimaendringar, sikkerhetspolitikk og bilaterale temaer.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02