Presseinformasjon
Aspaker opnar ny gassterminal i Emden 24. mai
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.05.2016
Statsråd Elisabeth Aspaker vil på vegne av regjeringa opne den nye gassterminalen Norsea Gas Terminal i Emden i Tyskland. Etter nesten 40 år med døgnkontinuerleg drift, skal den gamle terminalen no erstattast. Opningsseremonien skjer tysdag 24. mai.
- Dette er ein viktig milepæl i det svært gode og langsiktige samarbeidet mellom Noreg og Tyskland. Eg ser dette som eit ledd i vårt stadig tettare samarbeid om europeisk energitryggleik, seier Aspaker.
På ettermiddagen mandag 23. mai underteiknar Aspaker gjesteboka «Goldenes Buch» i Emden rådhus. Kl. 19 held ho tale i ein middag i samband med opninga av terminalen.
Tysdag 24. mai kl. 10 skal EØS/EU-minister Aspaker stå for sjølve opninga av den nye gassterminalen. Her vil representantar for det tyske næringsdepartementet, økonomiministeren i Niedersachsen og administrerande direktør Frode Leversund i Gassco vere til stades, i tillegg til borgarmeisteren i Emden og ei rekkje andre gjestar.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.