Presseinformasjon
Brende opnar Kirkeneskonferansen 2016
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 08.02.2016
Utanriksminister Børge Brende opnar onsdag 10. februar Kirkeneskonferansen, ein av dei viktigaste arenaene for næringsutvikling i nord. Utanriksministeren deltek også under opninga av kulturfestivalen Barents Spektakel.
Kirkeneskonferansen 2016 er den åttande i rekka. Konferansen tek for seg ulike sider av nordområdeutviklinga i skjeringspunktet mellom politikk, nærings- og samfunnsutvikling. Sør-Varanger kommune, Barentssekretariatet og Kirkenes Næringshage står bak arrangementet. Utanriksministeren held opningsføredraget under temaet «den politiske utviklinga i nordområda». Han vil i tillegg besøke lokale bedrifter og møte lokale representantar for næringsliv og politikk i nord.
Sjå her for program for Kirkeneskonferansen.
Kulturfestivalen Barents Spektakel vert i år arrangert for 12. gang. Festivalen er arrangert av norske og russiske aktørar i fellesskap.
Sjå her for program til Barents Spektakel.
Det blir eit pressemøte i samband med besøket. Førebels tid og stad: Thon hotell kl. 14.05. Det kan kome endringar i programmet.
Presse som ønsker å dekke besøket, bes ta kontakt med ane.lunde@mfa.no
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa) 976 71 250