Presseinformasjon
Vik Aspaker til Nordisk ministerråd i København
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.09.2016
Statsråd Elisabeth Vik Aspaker deltek på nordisk samarbeidsministermøte i København tirsdag 6. september. Dei nordiske ministrane skal meisle ut ein ny kurs for det nordiske samarbeidet framover.
På møtet skal dei nordiske ministrane for samarbeid diskutere reformarbeidet for det nordiske samarbeidet. Generalsekretæren i Nordisk ministerråd, Dagfinn Høybråten, har kome med ti tilrådingar om korleis Ministerrådet til ei kvar tid kan vere tilpassa dei utfordringane dei nordiske landa møter.
- Ei av dei viktige tilrådingane, er at dei ansvarlege ministrane skal kunne koma saman på kort varsel når det skjer noko aktuelt som gjeld alle landa og som krev sams innsats og løysingar. Noreg stør aktivt opp om reformarbeidet, seier EØS- og EU-minister, samt nordisk samarbeidsminister, Elisabeth Vik Aspaker.
Ministrane skal vedta eit nytt nordisk samarbeidsprogram for integrering av flyktningar og innvandrarar. Her vil utveksling av røynsler og utvikling av ny kunnskap vere viktig. Ministerrådet sitt internasjonale samarbeid, inkludert samarbeidet med våre naboar i vest, vil også verte diskutert.
Noreg tek over formannskapet for Nordisk ministerråd frå Finland neste år.
Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa) 976 71250, ane.lunde@mfa.no.