Presseinformasjon
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 39
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.09.2017
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 39, 2017.
Utanriksminister Børge Brende
Tysdag 26. september
Kl. 18.00: Utanriksminister Brende er vert for ein mottaking (fellesarrangement med Kulturdepartementet). Stad: Parkveien, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen
Tysdag 26.september
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek på eit møte i European People's Party (EPP) sin brexit task force. EPP er foreinga av sentrum høgre-parti i Europa. Sjefforhandlar for EU-kommisjonen, Michel Barnier og leiar for Ministerrådet si arbeidsgruppe for brexit, Didier Seeuws, deltek også på møtet. Stad: Brussel
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Daniel Sørdahl, 992 50 336
Statssekretær Tone Skogen
Onsdag 27. september
Kl. 11.00: Statssekretær Skogen innleiar på konferansen Industri 2017. Stad: Bodø
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Laila Bokhari
Onsdag 27. september
Kl. 11.30: Statssekretær Bokhari deltek i eit dialogmøte med Nansen-prisvinnar, Mr. Zannah Mustapha, og Jan Egeland i regi av Flyktninghjelpa. Stad: Litteraturhuset, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 18.00: Statssekretær Bokhari innleiar på 20th Global WIN-conference (Women International Networking). Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.