Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren til Wien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide reiser 26.-27. november til Wien for politiske møte og for å lansere ein studie om Vest-Balkan.

Noreg og Austerrike har utarbeidd ein studie om dei seks landa på Vest-Balkan. Studien kjem med konkrete råd om korleis landa kan finne nye finansieringsmåtar for investeringar i denne delen av Europa. Dette gjeld særleg infrastruktur. Studien vert lagt fram under ein middag i Winterpalais i Wien, der utanriksminister Eriksen Søreide deltek saman med representantar for dei seks landa, og presidentane i Verdsbanken og investeringsbankane EBRD og EIB. Finansministeren i Austerrike, Hartwig Löger, er vert.

Utanriksminister Eriksen Søreide vil òg møte generalsekretæren i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), Yukiya Amano.

Ho vitjar òg organisasjonen som overvaker prøvestansavtalen, CTBTO (Comprehensive Nuclear-Test Ban Treaty Organization). I tillegg har ho møte med medlemar av utanrikskomiteen i nasjonalforsamlinga.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 976 71 250