Presseinformasjon
Utanriksministeren deltek på høgnivåmøte om fred i FN
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.04.2018
I New York skal utanriksministeren delta på høgnivåmøtet i FN om bærekraftig fred 24. april. I tillegg skal ho møte USAs FN ambassadør Nikki Haley og Irans utanriksminister Mohammad Javad Zarif.
Utanriksministeren er invitert av presidenten i FNs generalforsamling til å delta på høgnivåmøtet i FN om bærekraftig fred. Bakgrunnen er Noregs engasjement for å auke finansieringa av FNs fredsarbeid.
- Nesten halvparten av alle menneske som lever i ekstrem fattigdom bor i sårbare land eller land i konflikt. Dersom vi ikkje går saman om innsats innan 2030, er talet forventa å auke til 80 prosent innan 2035, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.
Høgnivåmøtet gir utanriksministeren høve til å diskutere korleis ein best kan støtte opp under FN sitt arbeid for fredsbygging og bærekraftig fred, saman med andre ministrar og representantar for styresmakter, sivilt samfunn – inkludert kvinnegrupper og ungdomsrepresentantar, privat sektor, akademia og organisasjonar.
- Vi treng vedvarande, inkluderande og målretta innsats, før, under og etter at ein konflikt blir voldeleg, og dette arbeidet må få auka finansiell støtte, seier utanriksminister Eriksen Søreide.
- Vi kan ikkje talfeste kor mykje menneskeleg liding som vert spart gjennom forebygging, men vi kan berekne kor mykje som vert spart økonomisk. For kvar krone som vert investert i forebygging kan ein rekne med at 16 kroner vert spart i å måtte håndtere konsekvensane av ein væpna konflikt, seier utanriksministeren.
I møtet med USAs FN-ambassadør vil utanriksministeren diskutere FN-reform, styrking av FNs fredsoperasjonar og andre aktuelle utanrikspolitiske problemstillingar. Utviklinga i Midtausten og atomavtalen vil være tema for møtet med Irans utanriksminister.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen, mobil +47 976 87 801.